Velkommen skal du vera!

19657302_227364274450918_6286750459904681131_n.jpg
 
 
22811515_10154737087286805_118770386_n-2.jpg

Velkommen til eit unikt opphald på gamle Lærdalsøyri! 

Hotellet frå 1880 vert i dag drifta som eit gjestgiveri med 5 rom, og er ein bygning i utprega sveitserstil med detaljerte utskjeringar. Det ligg midt i ein av Norges best bevarte trehusbebyggelsar frå kring 1700-talet. 

Hotellet har overlevd konkurs, tvangsauksjon og naziokkupasjon før det husa arresterte, norske nazistar etter krigen.  Hotellet overlevde også storbrannen i Lærdal og er no klar for gjester att, sidan den siste gjesten sjekka ut i 1979.

22810222_10154737105836805_799922538_o.jpg

Informasjon:

Sidan dette er eit gammalt hotell, er det ikkje bad inne i romma. 
Men romma er tilknytt nyoppussa bad kun for hotellgjestene i umiddelbar nærheit.